av fwdjuvik | 8. desember, 2010  

Nytt parti, gammal politikk

Tidlegare AP-politikar, Gunvor Sunde, og utbrytarar frå AP i Selje freistar no å stifte eit eige parti som skal kjempe for å oppretthalde lokalsjukehusa over det ganske land. Dette vil dei gjere med å stille liste til kommune- og fylkestingsvalet neste år(!). På denne måten kan Arbeidarpartiet få i både pose og sekk.

For det er berre Arbeidarpartiet som har noko å tene på eit politisk alternativ, som baserer seg på Ap sin eigen politiske ståstad og ideologi. På den måten kan AP forvisse seg om at stemmene dei taper, går til eit alternativ som har den same politikken som dei sjølv, og lokalsjukehusa skal uansett ikkje oppretholdast av kommunestyrer og fylkesting. Då kan AP fortsette prosessen med å legge ned viktige helsefunksjonar på Stortinget, samstundes som dei opprettheld sin politiske styrke i kommunestyra og fylkestinga.

For initiativtakarane for det nye partiet (Lat oss for ordens skuld kalle det AP2, sidan dei ikkje har fått namn endå) seier jo sjølv at politikken skal basere seg på ein sosialdemokratisk politikk, som skal motverke sentralisering og nedlegging av sjukehus. Dei skal være eit alternativ til AP og hindre at FrP får auka oppslutnad.

Hittil har AP2 nemnt følgande saker som viktige for partiet: Stogge nedlegginga av lokalsjukehusa, betre vegar, mindre byråkrati og betre skule. Dette er jo klipt ut av partiprogrammet til FrP. Kvifor skal ein då motverke at det partiet som har kjempa i 30 år for dei sakene AP2 skal gå til val på får auka oppslutnad?

Det kan også stillast spørsmål ved motivasjonen til Gunvor Sunde for å danne dette nye partiet. Eg såg med eigne auge at Gunvor Sunde stemde imot eit framlegg frå H, FrP, V og KRF om å oppretthalde lokalsjukehusa då Fylkestinget handsama høyringa frå Helse Førde i vår. Kvifor viste ikkje Sunde ryggrad då? Kvifor venta ho til ho vart vraka i nominasjonen til AP?

AP2 er eit forsøk på å føre veljarane i Sogn og Fjordane bak lyset. Her kan AP fortsette å styre etter ein utdatert politisk ideologi, som heile tida vert pressa frå skanse til skanse, fordi folk flest ikkje ynskjer detaljstyring og overprøving av det dei sjølv meiner er fornuftig. Samstundes vert AP2 sitt rop om bevaring av lokalsjukehusa eit svakt kvitter for stortingspolitikarar frå AP, SP og SV som vil fortsette prosessane med å legge ned.

Ein kan nesten lure på om det er AP sjølv som står bak AP2, for å sikre seg at dei får behalde si politiske styrke. For det er ikkje tvil om at det er dyktige strategar som står bak AP2, og at dette er eit ledd i å sikre seg fortsatt raudgrøn politisk makt i Sogn og Fjordane. Det er ikkje kven som helst som klarer å overbevise folk om at ein kan redde lokalsjukehusa med å få representantar frå AP2 inn i Kommunestyre og Fylkesting, som ikkje har noko dei skulle sagt om saka.

Historia har vist at det berre er ein måte å få AP til å endre syn i politiske saker, og det er at dei borgarlege partia veks og får meir politisk makt. Då pleier AP å være svært raske med å endre politisk kurs. Og dette er også tilfelle i sjukehussaka og andre saker som AP2 forfektar. Hvis Framstegspartiet og Høgre gjer eit godt lokal- og fylkestingsval, då vert AP redd for å miste den politiske makta si, og då endrar dei kurs.

Framstegspartiet vil invitere innbyggjarane i Sogn og Fjordane med på ein felles dugnad for å kaste dei raudgrøne ut av både kommunehusa og fylkeshuset, ein gong for alle. Berre då vil ein kunne vise at nok er nok, og at ein vil ha ein ny politisk kurs. Det hjelp ikkje å stemme på eit nytt parti, med gammal politikk.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av fwdjuvik | 12. oktober, 2010  

Fredspris til besvær

Sidan Nobelkomitéen offentleggjorde årets vinnar av Nobels Fredspris, Liu Xiaobo, har fleire kritisert tildelinga. Blant andre Administrerande Direktør i Vest-Norges Fiskesalslag, Magnar Aasebø, kritiserte tildelinga fordi det kunne føre til inntektstap for fiskerinæringa sin eksport til Kina.

Ein kan gjerne kritisere Nobelkomitéen for dei tildelingane dei gjer. Sjølv meiner eg at tildelingane i 1994 (Yasir Arafat mfl.), 2007 (Al Gore) og 2009 (Barack Obama) var svært dårlege tildelingar, og har vore med på å svekke Nobels Fredspris. Men eg meiner at dette var dårlege tildelingar på bakgrunn av vinnarane sine handlingar og grunngjevinga for tildelinga, og ikkje på bakgrunn av kva konsekvensar det eventuelt får for Norge eller økonomien. Og kanskje er heller ikkje Liu Xiaobo riktig vinnar, utifrå at det er dissidentar og opposisjonelle i Kina som kanskje fortener den meir, slik nokre hevdar.

Dagane etter tildelinga har jo også vist at Kinesarane ikkje er særleg glad for den kinesiske vinnaren. Myndighetene har allereie avlyst fleire møter med Fiskeriminister, Lisbeth Berg-Hansen. Og både ho og Jonas Gahr Støhre gjer det dei kan for å “toe sine hender” og påpeike Nobelkomitéen sin uavhengighet til dei norske myndighetene.

At Nobels Fredspris ikkje har noko med norske myndigheter å gjere, skal godt gjerast å få kinesarane til å tru på. Eg trur ikkje på det sjølv eingong. Fleire vinnarar, og spesielt fjorårets tildeling har hatt ein tydeleg politisk undertone som og lyser gjennom hos den sittande regjeringa. At Nobelkomitéen i tillegg vert leia av ein tidlegare statsminister frå det største partiet i dagens regjering, taler ikkje akkurat til fordel for “upartiskheita”. Og vi skal heller ikkje gløyme at Liu Xiaobo sitt kandidatur vart fremja av ein representant for Norges Nasjonalforsamling, Høgres Jan Tore Sanner.

Javisst er det viktig med arbeidsplassar og verdiar til Norge, og spesielt Sogn og Fjordane. Men å sette det oppimot tildelinga av Nobels Fredspris til ein frihetskjempar som har ofra fridommen sin for demokrati og ytringsfridom, det vert ein total skivebom frå Vest Norges Fiskesalslag og andre.

I verdshistoria har millionar av menneske ofra svært mykje meir enn gods og gull for å kjempe fram den fridommen vi i Norge og resten av den vestlege verda tek for gitt. Framleis ofrar lokalbefolkning og soldatar i land som til eksempel Afganistan livet for retten til å bruke stemmeretten. Framleis vert opposisjonspolitikarar og journalistar drepne i land som Iran og Kina fordi dei har ei anna meining enn styresmaktene. Då vert det småleg og rett og slett respektlaust å kritisere fredspristildelinga fordi det kan føre til mindre inntekter.

Kina har gjennom å innføre kapitalisme, eigedomsrett og fri næringsetablering klart å løfte over 300 millionar mennesker ut av fattigdom. Dette er ein bragd som det står respekt av. Samstundes er den personlege fridommen, ytringsfridommen og demokratiet fullstendig undertrykt i verdas nest største økonomi.

Tildelinga av Nobels Fredspris til Liu Xiaobo vil nok på ingen måte endre haldninga til Kinesiske myndigheter på det politiske styresettet i landet. Men gjennom å sette utviklinga i Kina, manglande menneskerettar og demokratiseringa av Kina på dagsorden, har Nobels Fredspristildelinga kanskje fått fleire til å få opp augene for situasjonen. Og gjennom handel med Kina kan det være at fleire og fleire stiller større krav før dei godtek pengane og varene frå Kinesarane. Og kanskje vil vi om 10-15 år kunne oppleve frie val og ei fri presse i Kina.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av fwdjuvik | 10. september, 2010  

Går Førde framover?

Onsdag kveld hadde eg gleda av å delta på sluttmerkeringa for prosjektet Førde Framover, på Sunnfjord Hotell. 60 personar frå næringsliv, kulturliv, organisasjonar og det politiske miljøet var møtt opp for å markere avsluttninga på prosjektet som vart starta i 2008.

Det var ikkje mangel på festtalar, skryt, godord og beundring. Både Ordføraren i Førde, Fylkesordføraren og Fylkesbanksjefen skrytte av prosjektet og det dei har prestert dei siste 2,5 åra. Forskingsleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Georg Arnestad, var også full av godord om målsettingane prosjektgruppene hadde komme opp med, men var meir usikker på om visjonen: “Ei drivkraft med menneska i sentrum” var rett for Førde.

Også underteikna er svært imponert over det arbeidet som har vorte lagt ned av dei rundt 20 personane som har delteke i dei forskjellige arbeidsgruppene i prosjektet. Ikkje minst fordi dette var eit initiativ som oppsto og vart drive utanfor dei politiske systema. Dette var eigentleg eit prov på at det folkelege initiativet ikkje kan vedtakast, slik Fylkesordførar Nils R. Sandal i si tid prøvde på  med sin berømte “tenketank”. Det “upolitiske” initiativet må komme av eit reelt ønske av å gjere noko med sitt eige lokalsamfunn, og ei drivkraft som handler om meir enn politiske partiprogram og økonomiske bindingar.

Og sjølv om det “upolitiske” i prosjektet har vore den største styrken til Førde Framover, er det også den største utfordringa for dei målsettingane som prosjektet har kommt fram med. Målsettingane er nemleg ikkje forankra i dei politiske partia som i stor grad må føre arbeidet til prosjektet vidare gjennom kommunale vedtak og verkemidlar for å oppnå måla. Dette kan føre til at det meste av det arbeidet Førde Framover har gjort, vert lagt i ei skuff eller i ei mappe, og i liten grad vert brukt av politikarane både i Førde og Sogn og Fjordane som det fantastiske måldokumentet det er.

Dei gode orda Onsdag kveld sat laust hos Ordførar, Nils Gjerland. Og det skulle dei også gjere med tanke på at ordføraren har slike ressurspersonar i kommunen, som viser eit ekte engasjement for utviklinga, som fortener all den ære og skryt som dei kan få. Men ordføraren veit også at det er store politiske og økonomiske utfordringar i fleire av dei måla som visjonsgruppa i Førde Framover har lagt fram. Ordføraren må i mange samanhengar endre kurs på den politikken som kommunen fører idag. Skal Førde kommune auke den årlege folketalsveksten, så er vi avhengige av å fortsatt være ein attraktiv kommune for folk å flytte til, spesielt for unge i etablerarfasen.

I dag slit Førde kommune med eit svært høgt kostnadsnivå på boligar, svært høge kommunale skattar og avgifter i forhold til landssnittet, ein pleie – og omsorgssektor som er i ferd med å verte overbelasta og ein oppvekstsektor som er avhengig av auka løyvingar for å kunne opprettholde den høge kvaliteten vi har idag. Det er ikkje lenger slik at innbyggjarar frå nabokommunane flyttar inn til Førde slik dei gjorde på 70- og 80-talet, og hvis ikkje Førde kommune gjer noko vil ein kunne oppleve at flyttestraumen snur, og folk vel å arbeide i Førde men bu i nabokommunane. Dette veit Ordførar Nils Gjerland svært godt, men det er ikkje enkelt å gjere dei politiske vedtaka som endrar denne situasjonen, omstrukturering, nedskjæringar og endra prioriteringar er sjeldan populært.

Fylkesordførar, Nils R. Sandal, er verdsmeister i å være positiv, og på ein slik kveld er ikkje det ein negativ eigenskap. Men også Fylkesordføraren veit at det er svært langt frå det han sa i si helsing til Førde Framover, og den politikken Fylkeskommunen fører. Nils R. sa at “når Førde går framover, går fylket framover”, “vår oppgåve er å legge til rette for å styrkje senterutviklinga, gjennom blant anna gode kommunikasjonar”. Her brukte han eksempelet med rv5 mellom Florø og Førde, der fylkeskommunen ikkje har bidrege med ei einaste krone.

For dei styrande partia på Fylkestinget, Senterpartiet og Arbeidarpartiet, gjer ikkje særleg mykje for å styrkje senterutviklinga i Førde, verken med tilførselsvegar eller andre verkemiddel. I Fylkevegplanen for 2010-2019 vart det nesten ikkje lagt inn eit einaste prosjekt som bidreg til å styrkje Førde som senter. Samferdslekronene vert ikkje brukt for å betre kommunikasjonane mot Førde, men dei vert brukt på lokale vegar i HAFS og Nordfjord.

Då Fylkestinget i vår behandla planprogrammet for den nye Fylkesplanen gjekk Fylkesvaraordførar, Åshild Kjelsnes, så langt som å sei at vi ikkje treng fleire folk i Sogn og Fjordane, og at folketalsvekst ikkje skulle være målet. Og det eine partiet etter det andre uttrykte stor negativitet til at ein skulle fokusere på senterutvikling, så lenge senterutvikling inneber sterke region- eller fylkessenter. Nils R. Sandal er flink til å få folk med seg i sine positive og fengande festtalar, men innhaldet legg han frå seg når han passerer kommunegrensa.

Alt i alt var det ein positiv kveld på Sunnfjord Hotell, og atter ein gong må eg applaudere det engasjementet som Førde Framover har visst dei siste 2,5 åra. Berre framtida vil vise om Førde kommune og Sogn og Fjordane Fylkeskommune vil gjere det som er naudsynt for å fornye det politiske tankegodset, som ikkje har vore endra dei siste 20 åra.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av fwdjuvik | 23. mars, 2010  

Stagnasjonsfylket?

I sin blogg, I am fiction, har Anne Viken lagt inn eit innlegg som ho holdt på småsamfunnkonferansen i Tromsø 18. mars. Viken har analysert Sogn og Fjordane si “omdømesatsing” og har i all hovudsak stempla den som totalt mislykka. Ho meiner blant anna at fylket marknadsfører seg som eit fylke som stagnerte på 1800-talet, og at hvis Arbeidarpartiet får det som dei vil med tilltakspakkar, så vil fylket verte stempla som ein bananrepublikk mellom Hordaland og Møre og Romsdal.

Det er ikkje første gang Anne Viken spissformulerer seg om Sogn og Fjordane og omdømet til fylket. Seinast for nokre månader sidan skapte ho ein kjempedebatt med spissformuleringa: “Død over Senterpartiet, Målrørsla og bunadseliten“. Og i 2007 skapte ho like mykje debatt då ho skreiv eit lesarbrev der ho skulle ha bunadsbål, etter at Sogn og Fjordane sendte 60 bunadskledde til Oslo i gåve til Kongen sin 70-års dag.

Sjølv fekk eg merke Anne Viken sin spisse penn då vi gjekk på Hafstad Vidaregåande saman på midten av 90-talet. Ho og nokre andre utgav ei anonym skuleavis som var stort sett i oposisjon til alt som foregikk ved skulen. Eg hugsar ikkje lenger kva det var ho skreiv om meg, men eg hugsar at eg satte alt inn for å finne ut kven det var som hadde skreve det. Kan ikkje ha vore så gale sidan eg har gløymt det.

Sogn og Fjordane skal være svært glad for at vi har Anne Viken, og andre som henne. Vi treng nokon som klarer å sette ord på dei utfordringane vi faktisk har, uansett om dei spissformulerer det eller ikkje. Anne Viken har to gonger satt igang debattar i fylket, som er heilt avgjerande for kva som kjem til å skje med fylket i framtida. Skal vi fortsette som vi alltid har gjort eller skal vi tenkje nytt? Korleis vert vi oppfatta av folk som vi ynskjer skal flytte hit?

Hvis ein skal gje Anne Viken kritikk for noko, så må det være at ho trekk opp ein bråte med problemstillingar og feilsatsingar, utan å sei korleis ho meiner at det skal løysast. Etter å ha kritisert fylket for korleis vi har profilert oss, så seier ho at ho ikkje veit kva løysinga er på korleis vi kan profilere oss betre for å snu folketalsutviklinga.

Eg trur ikkje på det!!

Gjennom sine debattinnlegg og bloggar har Viken fleire gonger vore innom løysingar på problemet. I debattinnlegget i 2007 skreiv ho blant anna: “Det er på høg tid å markedsføre Sogn og Fjordane på premissene til målgruppa. Har de jobbar å tilby oss, fortell oss om dei. Har de tomter, happenings og barnehageplassar, skrik det ut før fylket kun består av ei handfull menneske viss einaste tidsfordriv er å sy bunader til kongelege bursdagar.”

Som journalist og skribent skal Viken være samfunnskritisk og sette fokus på utfordringar. Ho treng ikkje nødvendigvis være løysingsorientert i sine spissformuleringar. Likevel har Viken sine bidrag i debatten om framtida for Sogn og Fjordane vore av dei mest konstruktive og løysingsorienterte vi har sett. Dette har nok samanheng med at dei fleste som heng seg på debatten forsvarer det beståande, og kjempar med nebb og klør for at inngenting skal forandrast.

Til sjuande og sist så er det andre som bør, og må ta opp ballen der Viken har sparka den. Sjølvsagt så vil ho nok fortsatt bidra i den debatten om dei forandringane som forhåpentlig kjem, men det må andre og heilt andre aktørar på banen i tillegg. Spesielt næringslivet må komme meir på banen, det er tross alt dei som kan skape arbeidsplassane som vi treng for at nokon skal flytte hit.

Men for min del vil likevel det viktigaste være dei politiske beslutningane som vert fatta i åra som kjem. Hvis ein skal fortsette med kunstig åndedrett til utdøyande næringar, satsing på finkultur for dei få, basere politiske vedtak på ultralokale hensyn og aldri verte einige på tvers av kommunegrenser, då kjem vi heller ingen veg.

Berre tida vil vise om vi kjem oss ut av den “stagnasjosntilstanden” vi no befinn oss i. Anne Viken, og forhåpentlig mange andre, vil nok bidra med kritiske røyster til utviklinga i fylket, og eg håpar ikkje dei gjer opp. Over tid vil også dei som no tviheld på det beståande “felle frå”. Kanskje er det første målet for utvikling å redusere gjennomsnittsalderen på fylkestinget til under 50 år?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av fwdjuvik | 23. juli, 2009  

FrP for/mot EU

Erna Solberg kritiserer Siv Jensen for ikke å ta standpunkt om EU, men hvorfor skal Siv Jensen ta ett slikt standpunkt før valget? Dette valget handler ikke om EU i det hele tatt. Hvis man skal ta stilling til EU blir jo det i ett eget valg. Alle partiene på stortinget har sagt at det skal gjennomføres folkeavstemning om norsk medlemskap i EU. Ett stortingsvalg handler derfor ikke om EU.

I tillegg så kan jo ikke Siv Jensen gå ut å ta ett annet standpunkt enn det mange tusen tillitsvalgte i Fremskrittspartiet har bestemt gjennom programbehandlingen. Landsmøtet til Fremskrittspartiet har bestemt at ett eventuelt norsk medlemskap i EU skal avgjøres gjennom folkeavstemning, det kan ikke Siv Jensen bryte.

At Høyre og Senterpartiet ønsker å gjøre valget om til ett EU-valg vitner mer om deres desperasjon etter å kapre velgere på en ikke-sak enn det sier om Siv Jensens lederegenskaper. Stortingsvalget skal handle om bedre skole, bedre infrastruktur, bedre helsetjenester, og en rekke andre ting. Men ikke om EU.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av fwdjuvik | 23. juli, 2009  

Dødsstraff for Mulla Krekar

Fra tid til annen dukker debatten om dødsstraff opp i norske medier. Sist gang var i forbindelse med hengingen av Saddam Hussein og nå er det altså en politiker som mener at det er helt greit at Mulla Krekar får dødsstraff. For å gjøre det helt klart: Mulla Krekar en terrorist, han burde sperres inne og utleveres til ett land som kan straffeforfølge og dømme ham for hans gjerninger. At norske myndigheter lar ham vandre fritt omkring er en skam for norge og den almenne rettsoppfatningen.

Allikevel bør man stille seg spørsmålet om hva som er galt med mennesker som mener at de er i sin fulle rett til å ta livet av andre mennesker, eller like galt, synes at det er helt greit at mennesker blir tatt livet av. Hvordan kan man ha en holdning om at man kan ta livet av ett annet menneske, uansett hva galt den personen har gjort? Hva skal i såfall være kriteriene for å bli drept?

Skal man følge lovene i en del muslimske land, der stort sett de fleste lovovertredelser kan føre til dødsstraff, skal man følge praksisen fra de vestlige landene som fortsatt har dødsstraff om “ett øye for ett øye”, eller skal man følge praksisen til de fleste land der dødsstraff i krig er greit?

For meg blir det grunnleggende feil å på noen måte tillate dødsstraff uansett forhold. Vi har ikke noen rett til å ta livet av ett annet menneske uansett hva galt det mennesket har gjort. Visst er det mennesker som utfører de grusomste handlinger, som samfunnet og enkeltmennesker har ett genuint hat mot og ønsker de verste pinsler. Men vi har aldri rett til å drepe dem av den grunn.

I bøkene om Ringenes Herre sier trollmannen Gandalf noe meget essensielt: “Det finnes mange levende mennesker som fortjener å dø, og det finnes mange døde mennesker som fortjente å leve. Kan du gi dem livet?” Døden og Livet er noe vi mennesker ikke kan styre, og det er heller ikke meningen at vi skal tukle med naturen med å prøve å gi liv eller død.

Noen vil hevde “ett øye for ett øye”, at hvis noen har drept ett menneske, så skal de straffes med døden. Men skal det da være slik for alle forbrytelser. Hvis noen voldtar, skal de da voldtas? Hvis noen utøver vold mot en annen person, skal de da bankes opp? Hvis noen snyter på skatten, hvordan skal de straffes da? Arrgumentet faller på sin egen urimelighet.

Dødsstraff i krig er kanskje den mest forkastelige formen for dødsstraff. “Det er alltid seierherrene som skriver historien”, og det er alltid seierherrene som får dømme i ettertid. Utfallet når en krigsmotstander skal dømme en som kanskje har tatt livet av kammerater, familie og venner er ganske klart. Jeg vil karakterisere det som massemord, når en vinnende part i en krig starter med henrettelsen av sine motstandere i ettertid.

Som mennesker er vi ikke istand til å undertrykke hatet vårt i gitte situasjoner. Og derfor bør alle typer for dødsstraff avvikles. Alle mennesker, også Mulla Krekar, har en naturgitt rett: Livet.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av fwdjuvik | 10. juli, 2009  

Valgets kvaler

Valgår er alltid veldig interessante år. I valgår (både stortings-, og lokalvalgsår) står politikere i kø for å love mer enn sine politiske motstandere, mer enn de lovte forrige gang, og ikke minst mer enn de vet at de kan holde. Og det er ikke akkurat få politikere som ønsker å komme ut med sitt budskap heller. Det blir stillt valglister i alle fylker (og kommuner i lokalvalg), og valglistene inneholder ett lite knippe med “kjente” politikere, og en hel drøss med “ukjente” politikere. Alle vil de ha velgerenes gunst, og bruker alle midler for å komme i media, eller å komme i tale med velgerne.

De er lett for en velger å la seg rive med, å tro på det de forskjellige politikerne lover. Hvordan skal en velger kunne skille mellom hva som er sant, og hva som er usant? Hvis det i det hele tatt er noe som heter usant i den politiske verden. Politikerne mener nok helt ærlig de løftene de kommer med, men den dagen valget er over, er det kun de som har fått flertall som er i stand til å få gjennomført sakene sine. Og her kommer kjernen: Hvis politikere som har gitt en masse valgløfter, faktisk kommer i en flertallsposisjon, og de ikke gjennomfører løftene sine, bør de da bli trodd når de kommer med de samme løftene 4 år senere? Først når alle disse forutsettningene er til stede kan man vel kalle det for en valgbløff?

Jeg husker veldig godt valgkampen i 2005, da stortingskandidaten til Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Liv Signe Navarsete, hadde gratis stamveiferje som sin store sak i valgkampen. 4 år senere, i 2009, etter å ha sittet med flertallet på stortinget i 4 år, etter å ha vært samferdselsminister i 4 år, og etter å ha vært leder for Senterpartiet i snart 1 år, så tar jammen den samme Liv Signe Navarsete opp gratis stamveiferje som en av sine viktigste valgløfter. Hvordan er det mulig å tro på ett slikt løfte?

Når en politiker så til de grader har brutt ett løfte til velgerne, hvordan er det mulig å være så lite taktisk at man lover det samme neste valg? Det er jo ett åpenbart svik mot velgernes inteligens. Hvordan skal Liv Signe gjennomføre gratis ferje i neste periode, når hun har hatt alle muligheter til å gjennomføre det i denne?

Unnskyldningen er jo selvsagt den samme som alle regjeringspartiene bruker, når de får kritikk for ikke å ha fått gjennomslag: “Vi er i ett samarbeid, og da må vi inngå kompromiss”. Helt greit det, men er det da slik å forstå at Senterpartiet skal gå i regjering med noen nye partier etter valget? Slik jeg har forstått det, så går Senterpartiet til valg på “ett rødgrønt samarbeid”. Da er det jo for dumt at Liv Signe Navarsete lover noe som de andre partiene, som hun vil samarbeide med, tydeligvis ikke vil ha det. Hvis man skal kalle noe en valgbløff, så må det være dette. For i motsetning til politikere som lover saker på bakgrunn av forhåpninger om gitte forutsettninger, så lover Liv Signe noe som hun vet hun ikke skal holde.

Hvis Liv Signe ønsker gratis ferjer, hvorfor innfører hun det ikke? Hun er samferdselsminister, har flertall på stortinget, og er leder for ett regjeringsparti. Hvorfor må hun absolutt vente til etter valget? Det er vel heller lite sannsynlig at hun har flertall i stortinget da!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Kategorier

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00