Tidlegare AP-politikar, Gunvor Sunde, og utbrytarar frå AP i Selje freistar no å stifte eit eige parti som skal kjempe for å oppretthalde lokalsjukehusa over det ganske land. Dette vil dei gjere med å stille liste til kommune- og fylkestingsvalet neste år(!). På denne måten kan Arbeidarpartiet få i både pose og sekk.
For det er berre Arbeidarpartiet som har noko å tene på eit politisk alternativ, som baserer seg på Ap sin eigen politiske ståstad og ideologi. På den måten kan AP forvisse seg om at stemmene dei taper, går til eit alternativ som har den same politikken som dei sjølv, og lokalsjukehusa skal uansett ikkje oppretholdast av kommunestyrer og fylkesting. Då kan AP fortsette prosessen med å legge ned viktige helsefunksjonar på Stortinget, samstundes som dei opprettheld sin politiske styrke i kommunestyra og fylkestinga.
For initiativtakarane for det nye partiet (Lat oss for ordens skuld kalle det AP2, sidan dei ikkje har fått namn endå) seier jo sjølv at politikken skal basere seg på ein sosialdemokratisk politikk, som skal motverke sentralisering og nedlegging av sjukehus. Dei skal være eit alternativ til AP og hindre at FrP får auka oppslutnad.
Hittil har AP2 nemnt følgande saker som viktige for partiet: Stogge nedlegginga av lokalsjukehusa, betre vegar, mindre byråkrati og betre skule. Dette er jo klipt ut av partiprogrammet til FrP. Kvifor skal ein då motverke at det partiet som har kjempa i 30 år for dei sakene AP2 skal gå til val på får auka oppslutnad?
Det kan også stillast spørsmål ved motivasjonen til Gunvor Sunde for å danne dette nye partiet. Eg såg med eigne auge at Gunvor Sunde stemde imot eit framlegg frå H, FrP, V og KRF om å oppretthalde lokalsjukehusa då Fylkestinget handsama høyringa frå Helse Førde i vår. Kvifor viste ikkje Sunde ryggrad då? Kvifor venta ho til ho vart vraka i nominasjonen til AP?
AP2 er eit forsøk på å føre veljarane i Sogn og Fjordane bak lyset. Her kan AP fortsette å styre etter ein utdatert politisk ideologi, som heile tida vert pressa frå skanse til skanse, fordi folk flest ikkje ynskjer detaljstyring og overprøving av det dei sjølv meiner er fornuftig. Samstundes vert AP2 sitt rop om bevaring av lokalsjukehusa eit svakt kvitter for stortingspolitikarar frå AP, SP og SV som vil fortsette prosessane med å legge ned.
Ein kan nesten lure på om det er AP sjølv som står bak AP2, for å sikre seg at dei får behalde si politiske styrke. For det er ikkje tvil om at det er dyktige strategar som står bak AP2, og at dette er eit ledd i å sikre seg fortsatt raudgrøn politisk makt i Sogn og Fjordane. Det er ikkje kven som helst som klarer å overbevise folk om at ein kan redde lokalsjukehusa med å få representantar frå AP2 inn i Kommunestyre og Fylkesting, som ikkje har noko dei skulle sagt om saka.
Historia har vist at det berre er ein måte å få AP til å endre syn i politiske saker, og det er at dei borgarlege partia veks og får meir politisk makt. Då pleier AP å være svært raske med å endre politisk kurs. Og dette er også tilfelle i sjukehussaka og andre saker som AP2 forfektar. Hvis Framstegspartiet og Høgre gjer eit godt lokal- og fylkestingsval, då vert AP redd for å miste den politiske makta si, og då endrar dei kurs.
Framstegspartiet vil invitere innbyggjarane i Sogn og Fjordane med på ein felles dugnad for å kaste dei raudgrøne ut av både kommunehusa og fylkeshuset, ein gong for alle. Berre då vil ein kunne vise at nok er nok, og at ein vil ha ein ny politisk kurs. Det hjelp ikkje å stemme på eit nytt parti, med gammal politikk.
